Det er maten vi lever av.

”Det er maten me lever av,” er det eit uttrykk som heiter. Denne påstanden er det ingen grunn til å tvila på, men kva type mat me et vil påvirka korleis me har det. I dagens samfunn så er det overflod av mat og denne er tilgjengeleg over alt og til alle tider. Problemet er at mykje av det som tilbys ikkje er spesielt sunt.

Tekst og foto: Ingerid Øvreås

Så lenge me er unge og friske så er det overraskande kor lenge kroppen vår faktisk greier å fungera på eit usunt kosthald utan at me sjølve merkar at me gir den feil drivstoff. Dette endrar seg dersom me blir sjuke og som regel når me blir eldre. Då greier ikkje kroppen lenger å kompensera for eit uheldig kosthald, og me blir slappe og uopplagde, får vondt i magen eller hovudet eller føler oss utilpass på anna vis.

 Dette gjeld ofte for personar med fibromyalgi. Mange av desse rapporterar at dei føler seg bedre dersom dei gjer ulike justeringar på kosthaldet. Eg arbeidar til dagleg med pasientar med CFS/ME på CFS/ME-senteret på OUS, Aker. Nokon av desse endar opp med å få fibromyalgidiagnosen. Generelt så ser eg av literaturen, og erfarer i møte med pasientane, at det er mange av dei same kostfaktorane som gjeld for dei to sjukdommane.

 

I media kan ein innimellom lesa om personar som har ete seg friske av fibromyalgi eller CFS/ME. I mitt arbeid med personar med CFS/ME sidan 2004 så har eg enno ikkje møtt nokon som dette har vore aktuelt for. Derimot så har eg møtt mange som etter kostomlegging har fått meir energi, mindre hjernetåke, mindre smerter eller lignande. Dette opplever eg alltid like gledeleg, då denne bedringa i stor grad bedrar livskvaliteten. Ein må ikkje nødvendigvis vera heilt frisk for å ha det bra, men til mindre plager ein har til bedre har ein det.

 Eg møter også nokon som etter kostomlegging rapporterar at ingen av symptoma har vorte bedre, så då gir dei like godt blaffen og et det dei måtte ha lyst på. Ein del av desse opplever då ein forværring. Noko av årsaka er at når ei bedring skjer gradvis, så legg ein ikkje alltid merke til den. Dei færraste av oss hugsar til dømes kor ofte me gjekk på toalettet for 1 månad sidan, men får me ei forværring av tarmfunksjonen så har me ikkje problem med å oppdaga dette.

Les mer i medlemsblad 4/14